VI TILBYR:
 
  Abonnement
    Kjøp et abonnement, og du kan laste ned et ubegrenset antall avtalemaler og blankettformularer! Tegn abonnement nå og du vil umiddelbart få tilgang til vårt store malarkiv.
 
Spesialtilpassede abonnementer for:
 Advokater
 Revisorer og Regnskapsførere
 Bedriftsledere, proff
 Bedriftsledere, standard

  Kjøp enkeltdokumenter
    Du kan kjøpe et enkelt dokument eller blankett som du kan laste ned straks!
Klikk her for enkeltkjøp
 
  Finn ditt dokument:
   
 
 
  Garanti
  AdvokatOnline er den enkleste og raskeste veien til juridiske kvalitetsdokumenter og vi er sikre på at du blir fornøyd. Hvis ikke, gir vi deg pengene tilbake dersom du innen 14 dager etter bestilling av abonnement sender oss en skriftlig oppsigelse. Ved kjøp av enkeltdokument er det 3 dagers reklamasjonsfrist.
INFO Domstolene - kontaktinformasjon

Domstolane

Domstolane utøver den dømmande styresmakt i både straffesaker og sivile saker. I tillegg har domstolane ei rekkje andre oppgåver, som offentleg skifte (dødsbu, felleseige og konkurs), tvangssaker, notarialforretningar, vigslar og registrering av partnarskap.

Domstolane utøver ein kontrollfunksjon overfor dei andre statsmaktene ved at domstolane prøver lovlegskapen av vedtak gitt av forvaltninga og om lover er innanfor Grunnloven sine grenser. Ansvaret for den sentrale administrasjonen av domstolane er lagd til Domstoladministrasjonen, som er eit uavhengig forvaltningsorgan.
Les meir om domstolane

Tingrettane

Tingretten behandlar straffesaker og sivile som ikkje behandlas av forliksrådet, i fyrste instans. Tingretten overprøver også avgjerder av forliksrådet.
Les meir om tingrettane 

Lagmannsrettane

Tingretten sine avgjerder kan klagast inn for lagmannsretten gjennom anke.
Les meir om lagmannsrettane 

Høgsterett

Høgsterett er Noregs øvste domstol, og "dømmer i sidste instans", som det står i Grunnlovens paragraf 88. Høgsterett skal sørgje for rettsleg einskap og hjelpe til avklaring der rettstilstanden er uklar. Behandlinga av saker som reiser spørsmål med prinsipiell verdi står sentralt i Høgsterett sitt arbeid.
Les meir om Høgsterett

Jordskiftedomstolane

Jordskiftedomstolane er ein landsdekkjande særdomstol med oppgåver forankra i jordskiftelova. Jordskiftedomstolane avgjer rettsspørsmål og vedtek planar som gir meir rasjonelle bruk, merkar og rapporterer grenser og lagar eigedomskart. Jordskiftedomstolane består av 34 jordskifterettar og fem jordskifteoverrettar og er tilknytte det ordinære rettsapparatet ved at saker kan ankast til lagmannsretten og Høgsterett.
Les meir om jordskiftedomstolane 

Den europeiske menneskerettsdomstolen

Her kan borgarane i Europa prøve saka si dersom dei meiner at den heimslege domstolen har fatta ei avgjerd som er i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Domstolen i Strasbourg kan avgjere klager med bindande verknad for statane. Medlemsstatar kan også klage andre statar inn for domstolen.
Den europeiske menneskerettsdomstolen 

Konfliktråd

Konfliktrådet er eit statleg konfliktløysingsorgan. Konfliktrådet legg til rette for eit møte der partane sjølve ? og andre som er råka av eit lovbrot eller ein konflikt ? i fellesskap fastset korleis verknadane skal handterast. Dette heiter gjenopprettande prosess.

Konfliktrådet behandlar sivile saker mellom private partar og saker mellom fornærma og gjerningsperson der ei kriminell handling har funne stad. Møte i konfliktråd vert leia av ein upartisk meklar. Konfliktrådsbehandling er gratis og tilgjengeleg i heile landet. Det er 22 konfliktråd og ca. 550 meklarar ? som bistår slik at dei som møtast får innsikt i kvarandre sine handlingar, synspunkt, følelsar og kan stille spørsmål.

Konfliktrådet gjennomfører og dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Målgruppa er  unge lovbrytarar mellom 15-18 år som har gjort ei eller fleire alvorlege kriminelle handlingar. Dette er ein tredelt straffeaksjon. Først eit ungdomsstormøte der lovbrytaren møter dei som er ramma av den kriminelle handlinga. Så vert det sett opp ein skreddarsydd ungdomsplan med krav ungdomen må innfri ? og til sist blir det etablert eit team av personar som skal følgje opp ungdommen i ein avgrensa periode.  

Alle kan ta kontakt med sitt konfliktråd for hjelp og rettleiing. Same kvar i landet ein bur skal innbyggjarane ha det same konfliktrådstilbodet og med same høge kvalitet.

Sekretariatet for konfliktråda, som er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, er administrativt og fagleg ansvarleg for konfliktråda.

Forliksråd

Dei fleste sivile saker skal behandlast i forliksrådet, som er det lågaste leddet i domstolsstrukturen. Forliksrådet behandlar ikkje straffesaker. Forliksråda meklar mellom partane og i mange saker kan dei også avgje dom.

Dommar eller andre avgjerder frå forliksråda kan bringast inn for tingretten ved stemning eller anke. Den sentrale administrasjonen av forliksråda er Justisdepartementets ansvar, mens politiet har ansvar for sekretariatet.

NYHET! WHISTLE 2.0
- webløsning for varsling av kritikkverdige forhold
(03.05)

Whistle er en sikker og funksjonell webløsning/app for ansatte ved varsling av kritikkverdige forhold i virksomheter.
Det kan varsles anonymt og med mulighet for videre dialog med den anonyme varsleren.
Også egen versjon spesial- tilpasset advokatfirmaer som skal være varslingssekretariat.
Ta kontakt med AdvokatOnline på tlf 22 83 00 90 eller post@advokatonline.no for mer informasjon og tilbud.
Klikk her for mer informasjon.
(03.05)
Personvernerklæring fra AdvokatOnline (20.07)
Når du benytter deg av tjenester på www.advokatonline.no er AdvokatOnline AS behandlingsansvarlig for dine personopplysninger.
Klikk her for å lese personvernerklæringen.
(19.02)

Personverngaranti AdvokatOnline AS NO 977041112 MVA Tlf 22 83 00 90 firmapost@advokatonline.no